Kontaktperson: Kirsti Gaudestad kirsti.gaudestad@furene.no / tlf. 917 88 950
ARBEIDSFØREBUANDE TRENING (AFT)
AFT er eit individuelt tilpassa tiltak for personar med nedsett arbeidsevne og samansette bistandsbehov for å kome i arbeid.
AFT kan vare inntil eit år, med moglegheit for forlenging i eitt år. Tiltaket skal gi tilbod om arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne, og auke moglegheitene for å få ordinært arbeid. For å styrke den einskilde vil vi jobbe med karriererettleiing og karrierekompetanse. Vi kan også tilby yrkesopplæring med tilhøyrande opplæringsbevis.
I tiltaksperioda vil det også vere fokus på jobbsøkjaraktivitetar med mellom anna skriving av CV, søknad og førebuing til jobbintervju. For dei som har behov, kan vi også tilby opplæring i basiskunnskap og norsk. Ein jobbkonsulent vil bistå den einskilde med å utarbeide ein personleg handlingsplan for tiltaket, og skreddarsy eit tilbod. Vi tilbyr AFT som eit heiltidstilbod med minst 30 timar i veka. For dei som ikkje kan starte i fulltid kan ein starte i 50%.
Gjennomgang av aktuelle tema kan også gå føre seg i mindre grupper. Søknad om avklaring skjer gjennom det lokale NAV-kontoret.