Fråsegn - Openheitslova

Denne fråsegna er utarbeida for å synleggjere at Furene-konsernet etterlever krava i «lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold» (openheitslova) som tredde i kraft 1. juli 2022.

Furene-konsernet er omfatta av lova sitt verkeområde, jf. openheitslova §§ 2 og 3. Lova gjeld for større verksemder som oppfyller to av følgande tre vilkår: salsinntekt over 70 MNOK, balansesum over 35 MNOK, og over gjennomsnittleg 50 årsverk i rekneskapsåret. Vilkåra er oppfylt gjennom samanslåingsregelen; mor- og dotterselskapa sett på som ei eining. Det er då morselskapet, Furene Holding AS, som er rekna som ei større verksemd og som er rapporteringspliktig, jf. openheitslova § 3a. Furene Holding AS tilbyr stabsstøtte til dei andre selskapa i konsernet, som til dømes HR- og økonomitenester.

Sjå her for ytterelegare informasjon om korleis Furene-konsernet innfrir krava i openheitslova:

Openheitslova - Fråsegn

Etiske krav til vår leverandørkjede