ARBEID OG INKLUDERING

Er du arbeidsgjevar og treng folk eller du kan tilby praksisplass vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi kvalifiserer jobbsøkjarar til å dekke ulike behov i den lokale og regionale arbeidsmarknaden gjennom skreddarsydde og velprøvde løp. Vi tilbyr ulike former for arbeidstrening, og førebur jobbsøkjarane på kva du som arbeidsgjevar forventar og treng.

Deretter finn vi saman ut korleis arbeidstakaren best vert inkludert i di bedrift. Alt dette skjer under tett oppfølging av Furene sine rettleiarar, og er kostnadsfritt for bedrifta. Slik kan du og ditt firma vere med å «bygge bru og framtidstru», delta i inkluderingsdugnaden, og bidra til auka sosial berekraft.

Les meir om kva vi kan tilby her

Ta kontakt for ein uforpliktande prat med avdelingsleiar Jahn Christer N. Humberset: jahn.humberset@furene.no, tlf 905 16 441.

FRAMIFRÅ
FOLK

Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.

I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.