PAKKING OG MONTERING
Furene har mange hender som treng arbeidsoppgåver, og ved å bruke oss bidreg di bedrift til samfunnsoppdraget arbeidsinkludering. Vi utfører i dag oppdrag for mange lokale kundar med behov for manuell eller maskinell bearbeiding av komponentar.
Oppdraga har stor spennvidde og variasjon, men handlar i hovudsak om montering og pakkeoppdrag til ein konkurransedyktig pris. Vi leverer god kvalitet til avtalt tid.
Les meir om våre oppdrag her.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat med driftsleiar Jørn Vartdal: jorn.vartdal@furene.no, tlf. 948 09 446.
FRAMIFRÅ
FOLK
Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.
I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.