Kontaktperson; avdelingsleiar Jahn Christer N. Humberset: jahn.humberset@furene.no, tlf 905 16 441.

 

Er du arbeidsgjevar og treng folk eller kan tilby praksisplass vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi kvalifiserer jobbsøkjarar til å dekke ulike behov i den lokale og regionale arbeidsmarknaden gjennom skreddarsydde og velprøvde opplegg. Vi tilbyr ulike former for arbeidstrening, og førebur jobbsøkjarane på kva du som arbeidsgjevar forventar og treng.

Deretter finn vi saman ut korleis arbeidstakaren best vert inkludert i di bedrift. Alt dette skjer under tett oppfølging av Furene sine rettleiarar, og er kostnadsfritt for bedrifta.

Elles har vi interne arbeidsarenaer for opplæring og kvalifisering innanfor:

  • Mekanisk arbeid

  • Industritenester

  • Kantinedrift

  • Vaskeri

  • Trevare

  • Grafisk arbeid/profilering

  • Tekstiltrykk

For at vi skal lykkast med vårt samfunnsoppdrag, er vi avhengige av at alle er med og bidreg. Gir du praksis eller jobb til ein jobbsøkjar gjennom Furene, er du også med og tek eit viktig samfunnsansvar. 

 

Arbeid & inkludering i praksis

Næringslivet i vår region er avgjerande for at Furene lukkast med samfunnsoppdraget. Ved å opne dørene for våre kandidatar, slik Espen i Egset Ventilasjon AS har gjort, bidreg du til å inkludere fleire i arbeidslivet.


RINGER I VANNET

Ringer i vannet er eit samarbeid mellom oss og NHO sine medlemsbedrifter, både lokalt og regionalt. Når ei medlemsbedrift har eit arbeidskraftbehov, tek dei kontakt med oss for å høyre om vi har den arbeidskrafta dei etterspør.  Basert på bedrifta sine krav og ønsker, undersøker vi vår eigen portefølgje for å finne aktuelle kandidater til jobben. Dette kan resultere i ei arbeidsutprøving og opplæringsperiode i den aktuelle bedrifta for kanditaten, med tett oppfølging frå Furene. På denne måten kan personar som kanskje har stått utanfor, eller har slite med å kome seg i lønna arbeid, få ei god moglegheit til å lukkast gjennom dette samarbeidet.

INKLUDERANDE JOBBDESIGN

Mange bedrifter slit med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. 

Mange personar med nedsett arbeidsevne og andre med lavt kvalifikasjonsnivå, slit med å kome i arbeid. Det står i samanheng med ein arbeidsmarknad som stiller stadig sterkare krav til effektivitet, kompetanse og eit breitt spekter av sosiale ferdigheiter. Årsaka til desse krava må også sjåast i samanheng med det høge løns- og kostnadsnivået i Noreg. 

Inkluderande jobbdesign tek utgangspunkt i arbeidsgjevar sitt behov for arbeidskraft. Vi analyserer arbeidsflyten for å identifisere type og omfang av oppgåver som ikkje krev fagkompetanse. Ved å reorganisere arbeidsoppgåvene og rekruttere person(ar) som utfører støtteoppgåvene, blir faglært arbeidskraft frigjort til å utføre arbeid med kompetansekrav.  

Faglært arbeidskraft er dyrare enn ufaglært arbeidskraft. Vi kan dokumentere at Inkluderande jobbdesign er positiv verdiskaping som gir gevinst for bedrifta. I tillegg tek bedrifta stort samfunnsansvar utan at det kostar meir.   

«Alle kan ikke bli høykompetente. Vi må rett og slett lage et arbeidsmarked for de folkene vi har, i stedet for å ønske oss et nytt folk» Simen Markussen, forskar ved Frischsenteret. 

Podcast om Inkluderande jobbdesign:

Podcast Arbeid og inkludering

Ta kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon om Inkluderande jobbdesign!


HELT MED

Stiftelsen HELT MED jobbar for at menneske med utviklingshemming skal få same moglegheitene som andre til å velje mellom interessante jobbar, og Furene AS er stolt samarbeidspartnar i dette viktige arbeidet. Gjennom deltaking i arbeidslivet opplever ein å vere inkludert og deltakande i samfunnet, og å vere til nytte for andre. HELT MED bidreg til at fleire får desse moglegheitene, i ordinært arbeidsliv. 

Furene AS har ansvaret for oppfølging av både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i Helt MED på Søre Sunnmøre. Vår jobbkonsulent gir varig individuell oppfølging og støtte etter behov, slik at arbeidsforholdet blir vellukka og langvarig. 

HELT MED gjer avtalar om oppretting av arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming hos lokale aktørar i både offentleg og privat arbeidsliv. HELT MED tek seg av både stillingsutlysing, intervju, referansesjekk og alt anna ein rekrutteringsprosess inneber. Det er arbeidsgjevaren som bestemmer kva kandidat dei ynskjer å gå vidare med, og målet er tilbod om fast jobb etter fire veker arbeidspraksis. Med unntak av lønnsvilkåra, inneheld arbeidskontrakten same rettar og plikter som alle andre arbeidskontraktar. HELT MED sikrar ved hjelp av jobbkonsulent i Furene varig oppfølging av både arbeidstakar og arbeidsgjevar. 

Alle skal få moglegheit til å bruke si arbeidsevne, og det er nettopp det HELT MED jobbar for. 

Furene AS samarbeider med alle sju eigarkommunane i Søre Sunnmøre om HELT MED.

Les meir her: Hjem (heltmed.no)