Presseinformasjon - Ulshav og Furene blir eitt

Volda/Ulsteinvik 27. juni 2024

Generalforsamlinga i Furene har endeleg godkjent aksjebyteavtalen som gjer at Ulshav no blir ein del av Furene-konsernet. Dette skjer ved at dei tidlegare eigarane av Ulshav får auka sin eigarskap i Furene Holding AS med høvesvis 60 nye aksjar til Ulstein kommune og 30 nye aksjar til Hareid kommune.

I dei seinare åra har bakeriverksemda Mjøl og Meir og jobbfrukt vore dei største aktivitetane i Ulshav. Bakeriet i sentrum i Ulsteinvik har vore populært heilt sidan starten og no er også bakeriet på Hareid i fin utvikling. Jobbfrukt leverer kvar veke fruktkorger til 90 verksemder i regionen.

– Frå sentralt hald har der lenge vore ytra ønskje om færre og større einingar og derfor var ein dialog med Furene det rette for oss, seier konstituert dagleg leiar og styreleiar i Ulshav, Yrjar Garshol. Gjennom ein grundig og omfattande prosess har vi skapt eit miljø for samarbeid som har ført til at vi no fusjonerer dei to selskapa, seier han.

– Med Ulshav med på laget har vi landa ei konsolidering av vår bransje i dei sju kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda, seier dagleg leiar i Furene Inge-Jonny Hide. Han ser fram til å vidareutvikle eit felles, sterkt kompetansemiljø innan arbeidsinkludering.

Ulshav og Furene har gjennom mange år utvikla eit godt samarbeid med NAV, eigarkommunane og arbeidslivet i regionen, og med Ulshav sine godt innarbeidde og utadretta aktivitetar innan bakeri og jobbfrukt vil vi få enda større variasjon i vår interne arenaer for arbeidsinkludering, seier han. Frå før er Furene ein del av Kopano-alliansen der ein samarbeider med mål om å bli leiande innan arbeidsinkludering.

Ønskjer å satse i sentrum Furene har frå før base i Ulsteinvik sentrum, og i dialog med Ulshav er målet å etablere ein ny, felles base i første etasje i Arthurgarden. På sikt vil ein då selje Ulshav sine lokale i Saunesmarka.

Garshol ny styreleiar i Furene Under generalforsamlinga i Furene blei Yrjar Garshol valt til ny styreleiar i Furene. Han tek over etter Inge-Jonny Hide som gjekk inn i rolla som administrerande direktør i Furene for eit knapt år sidan. Desse er no i styret i Furene: Yrjar Garshol, leiar, Alvhild Kvamme Iversen, nestleiar, Tor Mikalsen, Marit Aklestad, Jens Erling Ekroll Lillebø, Ingvild Saure Riise og Stian Runne Brandal.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Yrjar Garshol, mobil 948 39 043
Inge-Jonny Hide, mobil 911 99 579

Furene med i Kopano

Frå oktober i år er Furene strategisk samarbeidspartnar i Kopano. Saman med Brisk, Varde, Trollheim og Astero held vi fram vårt langvarige og gode samarbeid, men no i tett samspel med andre arbeids- og inkluderingsbedrifter i heile landet, i Kopano-alliansen.  

Kopano er ein allianse av leiande arbeids- og inkluderingsbedrifter som jobbar for at alle, uansett føresetnader og draumar, skal kunne lykkast i arbeidslivet.    

Det handlar om noko som er større enn oss sjølve. Det handlar om å byggje verdiar, og om det som ikkje berre kan målast i kroner og øre.  

Kopano er eigd av offentleg eigde bedrifter, og er til for folk flest.  Det å hjelpe folk med å få og stå i jobb er noko av det viktigaste vi gjer for kvarandre og for fellesskapet.   

Saman har bedriftene i Kopano kraft til å drive fram nye løysningar – for eit samfunn der ingen står utanfor – og eit arbeidsliv med plass og moglegheiter for alle. Vi i Furene ser fram til å vere med på denne reisa med viktige bidrag for å nå felles mål. 

Trykk på logo for meir informasjon om Kopano.

Jeya vart råka av verftskrisa. No har ho fått hjelp til å kome i arbeid att

Dagleg leiar Hallstein Saunes, avd.leiar Jahn Christer Nerbøvik Humberset, marknads- og prosjektkoordinator Olav Stokke, Kirsti Gaudestad, fagleiar i Furene Utvikling og Jeya Balasundaram.

- Å gå heime utan arbeid var ikkje noko særleg, ikkje minst økonomisk. Furene AS har bidrege mykje for at eg i dag har fått ei engasjementstilling på Jets Vacuum.

Jeya Balasundaram er ei av mange som arbeid- og inkluderingsbedrifta Furene AS kvart år, på ulike måtar, hjelper folk tilbake til yrkeslivet.

Jeya Balasundaram. FOTO: ROY-ARNE FOLKESTAD

I fjor kunne Furene AS vise til rekordtal då dei formidla 196 personar tilbake til arbeidslivet. I tillegg formidla bedrifta 23 personar ut i utdanning.

Den arbeidsformidlingsjobben som Furene AS gjorde i fjor utgjorde ifølgje dagleg leiar Hallstein Saunes ein samfunnsøkonomisk gevinst på meir enn 200 millionar kroner

Studerte

Jeya Balasundaram kom frå Sri Lanka til Noreg i 2005 for å studere. Ho utdanna seg til elektroingeniør. I 2011 flytta 42-åringen til Ulsteinvik etter at ho fekk seg elektroingeniør-jobb på Ulstein Verft.

Der jobba Jeya, som er gift med ein ingeniørmekanikar og har to born på snart fem og åtte år, med nye skipsprosjekt.

Ho likte seg godt i verftsmiljøet i Ulsteinvik. Då krisa kom i den maritime næringa, og det vart nedbemanning, var Jeya ein av dei som vart sagt opp. Dette var i 2019, same år som pandemien begynte å herje.

Jeya bretta opp ermane, og begynte å søke etter moglege jobbar. Men Jeya fekk ikkje napp.

NAV

Gjennom Nav hamna ho i fjor sommar i Furene AS som har høg kompetanse på å hjelpe folk til å kome ut i arbeidslivet. Vegane dit kan vere mange.

Ein av dei kan handle om å lære seg jobbsøking på ein best mogleg måte. Ein anna kan vere å få hjelp til å presentere seg overfor bedrifter. Jeya søkte stillingar i fleire bedrifter, men nålauget var trongt. Det er dokumentert at dei som treng støtte i jobbsøkarprosessen ikkje kjem først i arbeid.

Men så skjedde det noko positivt: Gjennom ein felles relasjon på Jets Vacuum på Hareid fekk Jeya og Furene vite at bedrifta jakta etter folk med hennar utdanning. Og i dag er ho altså tilsett i eit engasjement i bedrifta.

Jeya Balasundaram er ikkje den som likar å skryte av seg sjølv. Men marknads- og prosjektkoordinator Olav Stokke i Furene AS rosar gjerne dama for vilje og intitiativ til å kome seg i arbeid.

- Ho får veldig gode tilbakemeldingar for arbeidet ho legg ned, seier Stokke.

Jeya er glad for at ho vart kopla på Furene AS sine system.

- Eg har hatt godt utbytte av Furene AS si hjelp. No jobbar eg i ei bedrift der eg får utføre relevant arbeid, og eg likar meg godt i bedrifta, seier 42-åringen nøgd.

Dagleg leiar Hallstein Saunes meiner innsatsen frå Furene AS, og personar som jaktar jobb eller utdanning, gir eit vesentleg bidrag i samfunnsøkonomien.

Dagleg leiar Hallstein Saunes . FOTO: ROY-ARNE FOLKESTAD

- Men det viktigaste er dei personane som har gått frå utanforskap til å bli inkludert. Mange har kjent det som ei byrde å vere utanfor, konstaterer Saunes.

Han rosar dei tilsette for stor innsats, og er tilfreds med at Furene AS er med på å bygge bru og framtidstru for mange.

Gevinst

Bransjeforeninga NHO Arbeid- og inkludering har rekna ut at kvar person som kjem i arbeid gir ein samfunnsøkonomis gevinst på 1,2 millionar kroner. Ved å gange beløpet med dei 196 som kom i arbeid via Furene i fjor, kjem gevinsten opp i kring 235 millionar kroner.

- Verdien er rekna ut frå at kvar person har vore i 50 prosent arbeid i fem år, fråtrekt kostnader med hjelp og tiltak. Årsaka til at det er teke utgangspunkt i halv stilling, er at det er snittet for dei som kjem i arbeid via inkluderingsbedriftene, forklarar Saunes.

Han viser til at statsministeren har dokumentert kva utanforskap kostar samfunnet: «Å få et ungt menneske inn i eit livslangt arbeidsliv gir ein samfunnsmessig gevinst på 15,9 millioner».

Hovudkontor

Furene AS har hovudkontor i Furene, med avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.

I tillegg til formidling har Furene også nær 60 faste tilrettelagte arbeidsplassar ved avdelingane i Furene og Dragsund. Dette kan m.a. vere aktuelt for personar som er uføre.

Det er eit vidt spekter av folk som er innom Furene.

- Dette er slett ikkje berre dei som droppar ut av skulen. Vi har heile spekteret. Alle kan gå på ein smell eller møte andre utfordringar i arbeidslivet. Og det kan sjølvsagt handle om alle yrkesgrupper, også personar med høg utdanning, fortel fagleiar Kirsti Gaudestad.

Dei tilsette jobbar m.a. med sjukmelde på eigne arbeidsplassar og personar som får uførestønad, men som ønskjer å ha ein tilpassa jobb å gå til i Furene, og som treng å fylle dagane med aktivitetar.

Motivasjon er særs viktig for å kome i arbeid.

Motiverast

- Nokon må motiverast, andre må haldast igjen i prosessen for å finne passande arbeid og stillingsprosent. Og så har vi dei som etter kartlegging og utprøving i arbeid må konkludere med at dei har nok med å ta vare på eiga helse, i alle fall no. Og nokre kjem aldri ut i arbeidslivet att, fortel Gaudestad.

Eit positivt arbeidsliv er også avgjerande for suksess med arbeidsformidling.

- Bedriftene er i høgste grad stort sett positive, og vi opplever at dei synest det er positivt å samarbeide med oss, seier Gaudestad.

Ho konstaterer at trykket på arbeidsformidling i alle fall kjem til å ha same nivå dette året, som i 2021.

Superlønnsomt med rekordmange i arbeid

NYTT REKORDÅR: Dagleg leiar Hallstein Saunes og avdelingsleiar Kirsti Gaudestad kunne presentere rekordgode formidlingstal for Furene i fjor. Fredag samla dei medarbeidarane til pressetreff. Foto: Marius Rosbach

Personane som fekk ein ny start via Furene i fjor gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på meir enn 200 millionar kroner.

I løpet av fjoråret fekk Furene heile 219 personar i jobb eller utdanning. Det er ny formidlingsrekord for arbeids- og inkluderingsbedrifta.

196 personar fekk arbeid, medan 23 kom i utdanning og dagleg leiar Hallstein Saunes roste medarbeidarane sine for resultata under eit pressetreff fredag.

- Innsatsen gir eit vesentleg bidrag i samfunnsøkonomien. Men det viktigaste er dei personane som har gått frå utanforskap, til å bli inkludert. Mange som har kjent seg som ei byrde, har gått til å bli ein ressurs, understreka Saunes.

Anslått gevinst på 235 millionar

Bransjeforeninga NHO Arbeid- og inkludering har rekna ut at kvar person som kjem i arbeid gir ein samfunnsøkonomis gevinst på 1,2 millionar kroner.

Ved å gange beløpet med dei 196 som kom i arbeid via Furene i fjor, kjem gevinsten opp i kring 235 millionar kroner.

Verdien er rekna ut frå at kvar person har vore i 50 prosent arbeid i fem år, fråtrekt kostnader med hjelp og tiltak. Årsaka til at det er teke utgangspunkt i halv stilling, er at det er snittet for dei som kjem i arbeid via inkluderingsbedriftene.

Folk med ulik bakgrunn og erfaring

Bedrifta har hovudkontor i Furene i Volda, med avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.

Det er eit vidt spekter av folk som er innom Furene. Dei kan vere alt frå ufaglærte til høgt utdanna, og har ulik bakgrunn og erfaringar.

I tillegg til formidling har Furene også nær 60 faste tilrettelagte arbeidsplassar ved avdelingane i Furene og Dragsund. Dette er gjerne aktuelt for personar som er uføre.

Bedrifta er eigd av Norges handikapforbund, Møre og Romsdal fylkeskommune og ni kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord.

Volda, 26. januar 2022

Ny avdelingsleiar

Jahn Christer N Humberset ny avdelingsleiar i Furene Utvikling AS

Jahn Christer N Humberset er tilsett som ny avdelingsleiar i Furene Utvikling AS.

Han tek over etter Kirsti Gaudestad som skal over i ei nyoppretta stilling som Fagleg leiar i Furene.

Jahn Christer kjem frå Bufetat, og har i tillegg erfaring frå sal og sørvis, noko som vil kome godt med i arbeidet med å leie og utvikle Furene Utvikling AS .

 

Vi får ein ny leiar med allsidig kompetanse og erfaring. Vi har tru på at Jan Christer vil bidra med nye perspektiv for utvikling av verksemda, og dermed løysing av samfunnsoppdraget vårt innan arbeid & inkludering, seier dagleg leiar Hallstein Saunes.

 

Dette er ei spennande og utfordrande stilling som eg verkeleg gler meg til å ta fatt på. Eg ser fram til å bli kjent med Furene og være med på vidare utvikling av medarbeidarar, produksjon og selskapet seier Jahn Christer.

Ansatt gjennom Ringer i Vannet

Ringer i Vannet-metoden og trygg veiledning fra Furene AS, førte til en god jobbmatch mellom Jonas og Fora Form. Nå er han fast ansatt der.

Fra venstre: Jonny Høstland (Fora Form), Hallstein Saunes (Furene), Jonas Daniel Slettevoll Skogly (Fora Form), og Espen Remme (NHO). FOTO: SVEIN NORDAL/MØRENYTT

Jonas Daniel Slettevoll Skogly (23) fra Ørsta har jobbet i Fora form siden april. Jobben fikk han gjennom NHO-prosjektet Ringer i Vannet, og han ble rekruttert gjennom Furene AS, skriver morenytt.no.

Furene AS formidlet nøyaktig 200 personer til utdanning eller arbeid i 2020. 144 av dem startet på utdanning, og 56 fikk jobb. Administrerende direktør i Furene AS Hallstein Saunes har troen på at tallene blir enda bedre for 2021.

– Uten et velvillig næringsliv, NHO og andre aktører måtte vi ha funnet oss noe annet å gjøre, sier Saunes til Mørenytt.

Han sikter til at all inkludering er avhengig av at det er et behov for arbeidskraft og en vilje til å ansette hos arbeidsgivere der ute. På torsdag overrakte arbeids- og inkluderingsbedriften Furene AS et diplom til en av sine samarbeidsbedrifter, Fora form. Samarbeidet deres legges opp rundt Ringer i Vannet-metoden som er en godt dokumentert rekrutterings- og inkluderingsstartegi. Målet med metoden er at mennesker som står utenfor arbeidslivet skal få fast jobb. Ringer i Vannet tar utgangspunkt i begge parter i et ansettelsesforhold; både arbeidstaker og arbeidsgiver. Slik skapes god jobbmatch og varige arbeidsforhold. Dette kan du lese mer om her på våre nettsider .

Fora form fikk Ringer i Vannet-diplomet for å ha tatt samfunnsansvar ved å ansette gjennom Ringer i Vannet, og diplomet ble overrakt til fabrikksjef Jonny Høstflot hos Fora Form AS av Hallstein Saunes, dagleg leiar i Furene AS.

Høstland sier at det er svært viktig for bedriften at folk, som ikke nødvendigvis på forhånd kan noe om møbelindustrien, kan komme innom og prøve seg.

- Og ofte, som i dette tilfellet, går det jo veldig bra, sier han.

https://www.arbeidoginkludering.no/aktuelt-saker/2021/ansatt-gjennom-ringer-i-vannet/

Stig Mattis Aksnes ny avdelingsleiar i Furene AS

Stig Mattis Aksnes ny avdelingsleiar i Furene AS

Stig Mattis Aksnes er tilsett som ny avdelingsleiar for Mekanisk avdeling i Furene AS frå 1.desember. Han tek over etter Arne Straume som sluttar i Furene. Vi takkar Arne for den solide innsatsen han har lagt ned for selskapet.

Stig Mattis Aksnes kjem frå stillinga som arbeidsleiar og prosjektkoordinator i Green Yard – Kleven. Han har før det mange år bak seg i Ulstein- konsernet. Aksnes har brei erfaring med opplæring av medarbeidarar og lærlingar.

Vi får ein leiar med brei kompetanse og erfaring innan mekanisk produksjon som også vil bidra i samfunnsoppdraget vårt innan arbeid & inkludering, seier dagleg leiar Hallstein Saunes.

Dette er ei spennande og utfordrande stilling som eg verkeleg gler meg til å ta fatt på. Eg ser fram til å bli kjent med Furene, og være med på vidare utvikling av medarbeidarar, produksjon og selskapet, seier Aksnes.

For meir informasjon:

Hallstein Saunes, 488 98 548

Dagleg leiar

Hilde fikk jobb gjennom Furene og Ringer i Vannet

Byggmester Anders Hauken har dekket gaffeltrucken til fest. Han har nemlig blitt tildelt Ringer i Vannet-diplom fra Arbied & Inkluderingsbedriften Furene. – Jeg er litt stolt, sier en tydelig rørt Anders (til venstre). Ved siden av stråler Hilde Indrøy som er nyansatt kontormedarbeider, og hennes jobbveileder fra Furene, Hilde Balsnes Lande (til høyre).

Byggmester Anders Hauken har dekket gaffeltrucken til fest. Han har nemlig blitt tildelt Ringer i Vannet-diplom fra Arbied & Inkluderingsbedriften Furene. – Jeg er litt stolt, sier en tydelig rørt Anders (til venstre). Ved siden av stråler Hilde Indrøy som er nyansatt kontormedarbeider, og hennes jobbveileder fra Furene, Hilde Balsnes Lande (til høyre).

Hilde Indrøy ville tilbake til jobb etter sykdom. For å klare det, trengte hun en arbeidsplass som hadde både faglige utfordringer og rom for å trappe opp i takt med kroppen og helsetilstanden. Det fikk hun gjennom Furene og Ringer i Vannet.

Hilde Indrøy og Anders Hauken tar i mot en liten delegasjon på kontoret innenfor en hall med lagerhyller, plank og verktøy. Midt i lagerhallen står en gaffeltruck med en gipsplate, for anledningen fungerende som festbord. Delegasjonen består nemlig av Jobbkonsulent Hilde Balsnes Lande og Key Account Manager for Ringer i Vannet i Furene AS, Olav Stokke. Begge er fra Arbeid & Inkluderingsbedriften Furene AS. De har med bløtkake og et innrammet diplom som skal overekkes Hauken Handverksteneste. Diplomet gir honnør til at bedriften har rekruttert gjennom Ringer i Vannet og dermed bidradt til å inkludere fra utenforskapet og utjevne forskjeller i samfunnet. En representant fra bransjeforeningen Arbeid & Inkludering er på plass, etter å ha landet på den vesle flyplassen mellom fjelltoppene i Volda kvelden før. To journalister fra lokalpressen står også linet opp i det overraskende romslige kontoret.

Ringer i Vannet - en suksessoppskrift

"Hilde slet med helseproblemer. Kom tilbake i jobb etter suksessoppskrift" skriver Møre-Nytt om Hilde og inkluderingsmetoden Ringer i Vannet. De forklarer videre at Ringer i Vannet er NHO sin rekrutteringsstrategi for de som av ulike årsaker har havnet utenfor arbeidslivet. Den resulterer i en vinn-vinn-situasjon for både arbeidstaker og arbeidsgiver.

– Ringer i Vannet er en ny måte å tenke inkludering på. For mens en før lette etter jobber som passet til den som ville ha jobb, søker en i dag etter personer som passer til jobben, sier Olav Stokke som jobber etter metoden. 

Hans arbeidsplass, Furene AS, har som mål og oppgave å bidra til at mennesker som står utenfor arbeidslivet får innpass. I den prosessen er Ringer i Vannet unik, fordi metoden tar utgangspunkt i relasjoner og tar hensyn til begge parter i et ansettelsesforhold. Målet er å skape en god match mellom arbeidsgiver og arbeidstaker, en god jobbmatch.

Gründer og byggmester Anders Hauken med Ringer i Vannet-diplom som Olav Stokke fra Ringer i Vannet i Furene har overrakt.

Gründer og byggmester Anders Hauken med Ringer i Vannet-diplom som Olav Stokke fra Ringer i Vannet i Furene har overrakt.

Perfekt jobbmatch

Før satt Anders Hauken alene på dette kontoret. Det administrative og økonomiske ved driften tok han innimellom det praktiske arbeidet som han faktisk er utdannet til. Det en gang lille firmaet hans vokste, oppdragene ble flere. Behovet for ekstra arbeidskraft meldte seg.

– Jeg er nå en gang håndverker og liker best å være ute, sier byggmesteren og sikter til den praktiske delen av jobben; det å bygge og være ute i felten og lede de andre håndverkerne i bedriften.

Det var da Hilde kom inn i bildet. Hun hadde slitt med helseproblemer og ble først sykmeldt fra jobben som daglig leder i butikk. Da hun ble bedre og ønsket å komme gradvis tilbake, var butikken nedlagt. Hun hadde ingen jobb å gå til, og visste heller ikke hvor mye hun var i stand til å jobbe.

Men hun visste hva hun ville. Og hun kom i kontakt med Furene.  

– Jeg hadde lyst til å jobbe på kontor, og jeg ville bruke kunnskapen om regnskap og administrasjon som jeg tilegnet meg da jeg ledet en butikk, sier Hilde.

Jobbkonsulentene i Furene la sammen to og to. De hadde Anders i sitt nettverk av arbeidsgivere. Firmaet vokste og han hadde behov for arbeidskraft nettopp innen kontor og administrasjon. Alt lå tilrette for en super jobbmatch. 

Vinn-vinn for arbeidsgiver og ansatt

– Furene sitter med en god verktøykasse. Det er kanskje ikke den verktøykassen vi som tømrere bruker mest, ler Hauken. – Men de har oversikt over arbeidsmarkedet, og de fant den rette arbeidskraften for meg fordi de kjenner bedriften. 

Han forteller at han har et godt samarbeid med Furene, og det vil ikke stoppe etter én ansettelse.

– Denne gangen gjaldt det en kontormedarbeider, men jeg kan også ringe dem når jeg har behov for å leie inn håndverkere. Eller de kan ringe meg hvis noen i deres system trenger praksisplass eller en lærlingplass.

– Ja vi kartlegger kandidaten og ser på kompetanse. Derette matcher vi med en arbeidsgiver etter beste evne, bekrefter Balsnes Lande. 

Hauken forteller at ansettelsen har frigjort mye av den tiden han før måtte bruke på kontoret selv, som gründer av entreprenørfirmaet. Nå kan byggmesteren bruke energien på det han kan best, vel vitende om at faktura og salg er i de beste hender. Hilde på sin side, har fått en jobb hun makter og trives med. Og noe av det beste er at hun får bruke kompetansen sin, og til og med videreutvikle den. 

– Nå holder jeg på med et deltidsstudie som inngår i stillingen min. Jeg fordyper meg i regnskap, gjennom et kurs som retter seg mot de regnskapsprogrammene vi bruker her i bedriften, sier Hilde.

– Når en får gode folk, så er det bare å gripe muligheten og ta tak i de, sier Anders.

Artikkelen er henta frå: https://www.arbeidoginkludering.no/aktuelt-saker/2021/diplomoverrekkelse/

Resultat 2020

Arbeid og Inkludering

I 2020 gjekk 200 personar frå Furene til arbeid eller utdanning. Dette er det høgste talet i Furene si historie. Samarbeidet mellom NAV, jobbsøkjar, Furene og næringsliv, er avgjerande for auka inkludering i arbeidslivet. Næringslivet sin vilje til å opne dørene i eit ekstra utfordrande år, vitnar om at samfunnsansvaret står sterkt i regionen. Det å ha ein jobb å gå til er svært viktig for den einskilde.

I tillegg kjem den samfunnsøkonomiske gevinsten av deltaking i arbeidslivet. Ein person som kjem i arbeid og beheld arbeidet i ti år, gjev ein samfunnsøkonomisk gevinst på 4,6 millionar kroner.

 

Økonomi

Furene leverer også positivt økonomisk resultat. Samla omsetning i 2020 var 56,9 millionar kroner mot 57,1 millionar kroner i 2019. Korrigert for ekstraordinære inntekter, gir dette ein vekst i driftsinntekter på 1,4 %. Driftsresultatet enda på 2,6 millionar kroner i 2020, mot 3,0 millionar kroner i 2019. Netto finansinntekter var 0,8 millionar kroner i 2020 mot 1,4 millionar kroner i 2019. Årsresultatet enda dermed på 3,4 millionar kroner i 2020 mot 4,4 millionar kroner i 2019. 

Resultata står seg ekstra godt i lys av korleis Covid-19 har påverka samfunnet og næringslivet, og vitnar om tilsette som finn gode løysingar også i krevjande tider, seier kst. Adm. direktør Olav E. Torset i ein kommentar.

For meir informasjon, kontakt kst. administrerande direktør Olav E. Torset, mobil 995 32 486.

Hallstein Saunes ny administrerande direktør

Hallstein Saunes skal leie Furene

Hallstein Saunes er tilsett som ny administrerande direktør i arbeids- og inkluderingsverksemda Furene. Han tek over etter Eldor Skeide som av helsemessige årsaker har valgt å gå av.

 -Vi takkar Eldor for den solide innsatsen han har lagt ned for selskapet og ser fram til å halde fram den positive utviklinga med Hallstein Saunes ved roret, seier styreleiar Inge-Jonny Hide.

-Eg gler meg til å bli kjend med og arbeide saman med menneska i Furene, og få vere med på små og store sigrar i eit selskap med eit klart samfunnsansvar. Leiing er å få til resultat gjennom andre. Eg ser fram til å vere med å forsterke det Furene er i dag, og utvikle selskapet i takt med behov og moglegheiter samarbeidspartnarane våre gir oss.

Hallstein Saunes kjem frå stilling som dagleg leiar i Link AS, eit leiande selskap innan drift av statlege flyktningmottak. Han er òg leiar for Link sitt eigedomsselskap.  

Økonomileiar Olav Elias Torset i Furene er konstituert i stillinga fram til Hallstein tek over 1. september 2021.

For meir informasjon:

Inge-Jonny Hide, 911 99 579

Hallstein Saunes, 488 98 548

Furene i magasinet Heimebane

Med denne fine artikkelen frå magasinet Heimebane, vil vi ynskje alle ei riktig god jul og godt nytt år!
Trykk her for å lese artikkelen.

Informasjon for VTA-tilsette i Furene om korona situasjonen

Sidan regjeringa sin pressekonferanse om tiltak mot koronaviruset 12. mars har det vore store endringar i dagleglivet vårt.

For Furene AS har helsa til tilsette og deltakarar vore det viktigaste i denne perioden.
Smittereduserande tiltak i tråd med offentlege myndigheiter sine pålegg og tilrådingar har vore styrande.
Vi har utført ei risikovurdering slik myndigheitene krev, og iverksett tiltak utifrå dette.

Døme på viktige omsyn er:

·         Unngå at mange personar er samla innanfor eit avgrensa område

·         Skjerme personar i risikogrupper

·         Dialog med dei tilsette

·         Oppretthalde forsvarleg drift

Mange av dei som til dagleg jobbar i Furene er bedt om å ikkje møte på arbeid som følgje av dette. Vi har stor forståing for at mange ynskjer seg tilbake til arbeid og ein normal kvardag, men pr. no er det viktig å halde seg til dei råd myndigheitene gir oss.

VTA-tilsette får løn på vanlege vilkår sjølv om dei ikkje møter på arbeid i denne perioden.

Med det vi veit no er dette gjeldande til 17. april. Vi informerer på nytt så snart vi veit noko meir.

Furene tek jamnleg kontakt med dei tilsette som ikkje er på arbeid, og er også tilgjengelege for dei som ynskjer å ta kontakt utover dette. Ta i så fall kontakt med din vanlege kontaktperson i Furene. Denne kontakta må skje via telefon eller andre digitale verktøy.

Informasjon og tiltak i høve til koronavirus

Furene AS har i takt med utviklinga av situasjonen rundt Koronas viruset fortløpande vurdert behovet for tiltak og informasjon.

Overordna er offentlege mynde sine pålegg og retningslinjer førande. I tillegg vurderer og iverksett vi fortløpande bedriftstilpassa tiltak som:

·         Auka frekvens på reinhald og oppslag om fokus på hygiene og smittevern

·         Mange av våre tilsette arbeider frå heimekontor.

·         Vi har plakat på ytterdører om at vi berre tek imot besøk etter avtale inntil vidare

·         Både interne og eksterne møter vert gjennomført ved hjelp av digitale løysingar.

·         Kantina er ikkje i drift og treningsrom er stengt for bruk inntil vidare.

Furene har helsa til tilsette og deltakarar, samt smittereduserande tiltak i tråd med offentlege myndigheiter sine pålegg og tilrådingar som første prioritet.

Utover dette er Furene sitt hovudfokus å levere på våre forpliktingar til kundar mest mogleg som normalt.Ta kontakt med oss dersom spørsmål om gjeldande bestillingar, evt. informasjon om kapasitet framover.

Gjennom kartlegging, risikovurderingar og tiltak meiner vi pr. dato å ha god oversikt over driftskonsekvensar i det korte bilete. Gjennom tidleg og tett dialog med både kundar og leverandørar håpar vi å kunne levere i tråd med forventningar også i denne krevjande situasjonen.

Bruk dykkar vanlege kontaktpersonar i Furene dersom spørsmål.
Evt. sentralbord 70 07 48 50 eller post@furene.no

Beste helsing

Furene AS

Nye maskiner på mekanisk

I dag har vi fått våre to nye  LVD maskiner i hus.

Den eine bilen med fiberlaseren på planet var klar til lossing klokka 8. Då klokka nerma seg 10 og vi hadde fått sjaua inn laseren, så kom bil nummer 2 med kantknekka.

Både laser og kantknekke er store og tunge maskiner og vi måtte leige inn mobilkran til lossejobben.

Heile operasjonen gikk raskt og knirkeritt takka vere god hjelp frå ein dreven LVD representant.

Vi gler oss til oppstart og igangkøyring etter ferien.

Mekanisk4.jpg

Mange formidlingar i mars

BlomsterIngvild.PNG

Nydeleg blomsterhelsing som takk for hjelpa, frå ein av deltakerane i oppfølging som vart avslutta til løna arbeid i mars!

​Også i mars vart 7 av 8 på oppfølging formidla til løna arbeid. På AFT gjekk 1 av 2 over til arbeid. Det viser at arbeidsretta tiltak i Furene nyttar!!