Sidan regjeringa sin pressekonferanse om tiltak mot koronaviruset 12. mars har det vore store endringar i dagleglivet vårt.
For Furene AS har helsa til tilsette og deltakarar vore det viktigaste i denne perioden.
Smittereduserande tiltak i tråd med offentlege myndigheiter sine pålegg og tilrådingar har vore styrande.
Vi har utført ei risikovurdering slik myndigheitene krev, og iverksett tiltak utifrå dette.
Døme på viktige omsyn er:
· Unngå at mange personar er samla innanfor eit avgrensa område
· Skjerme personar i risikogrupper
· Dialog med dei tilsette
· Oppretthalde forsvarleg drift
Mange av dei som til dagleg jobbar i Furene er bedt om å ikkje møte på arbeid som følgje av dette. Vi har stor forståing for at mange ynskjer seg tilbake til arbeid og ein normal kvardag, men pr. no er det viktig å halde seg til dei råd myndigheitene gir oss.
VTA-tilsette får løn på vanlege vilkår sjølv om dei ikkje møter på arbeid i denne perioden.
Med det vi veit no er dette gjeldande til 17. april. Vi informerer på nytt så snart vi veit noko meir.
Furene tek jamnleg kontakt med dei tilsette som ikkje er på arbeid, og er også tilgjengelege for dei som ynskjer å ta kontakt utover dette. Ta i så fall kontakt med din vanlege kontaktperson i Furene. Denne kontakta må skje via telefon eller andre digitale verktøy.