Informasjon og tiltak i høve til koronavirus

Furene AS har i takt med utviklinga av situasjonen rundt Koronas viruset fortløpande vurdert behovet for tiltak og informasjon.

Overordna er offentlege mynde sine pålegg og retningslinjer førande. I tillegg vurderer og iverksett vi fortløpande bedriftstilpassa tiltak som:

·         Auka frekvens på reinhald og oppslag om fokus på hygiene og smittevern

·         Mange av våre tilsette arbeider frå heimekontor.

·         Vi har plakat på ytterdører om at vi berre tek imot besøk etter avtale inntil vidare

·         Både interne og eksterne møter vert gjennomført ved hjelp av digitale løysingar.

·         Kantina er ikkje i drift og treningsrom er stengt for bruk inntil vidare.

Furene har helsa til tilsette og deltakarar, samt smittereduserande tiltak i tråd med offentlege myndigheiter sine pålegg og tilrådingar som første prioritet.

Utover dette er Furene sitt hovudfokus å levere på våre forpliktingar til kundar mest mogleg som normalt.Ta kontakt med oss dersom spørsmål om gjeldande bestillingar, evt. informasjon om kapasitet framover.

Gjennom kartlegging, risikovurderingar og tiltak meiner vi pr. dato å ha god oversikt over driftskonsekvensar i det korte bilete. Gjennom tidleg og tett dialog med både kundar og leverandørar håpar vi å kunne levere i tråd med forventningar også i denne krevjande situasjonen.

Bruk dykkar vanlege kontaktpersonar i Furene dersom spørsmål.
Evt. sentralbord 70 07 48 50 eller post@furene.no

Beste helsing

Furene AS