FOrmål
Selskapet sitt formål er å legge til rette for vidare personleg utvikling hos arbeidssøkjarar etter den politiske vedtekne arbeidslinja.
forretningside
Drifta vert basert på verdiskaping gjennom produksjon, service og tenester.
verdiane våre
Truverdig, Respekt og Uredd skal kjenneteikne alle våre ansatte – og det kvar enkelt av oss yter for å få folk i arbeid.
Furene sitt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknytning til arbeidslivet. Vi gjer dette gjennom tett oppfølging av arbeidssøkjar og eit stort nettverk av arbeidsgjevarar. Gjennom å sjå kvart menneske, syne respekt og vere truverdige i arbeidet, er vi med på å skape FRAMTIDSTRU
Arbeid gir mestring og livskvalitet. Difor er det viktig at vår framferd set gode spor, at vi vinn tillit, skaper gjensidig respekt og viser god vurderingsevne. Vi skal legge til rette for auka kompetanse og utvikling, vere ei attraktiv bedrift å jobbe i samt skape meirverdi for kundane våre.