Jeya vart råka av verftskrisa. No har ho fått hjelp til å kome i arbeid att

Dagleg leiar Hallstein Saunes, avd.leiar Jahn Christer Nerbøvik Humberset, marknads- og prosjektkoordinator Olav Stokke, Kirsti Gaudestad, fagleiar i Furene Utvikling og Jeya Balasundaram.

- Å gå heime utan arbeid var ikkje noko særleg, ikkje minst økonomisk. Furene AS har bidrege mykje for at eg i dag har fått ei engasjementstilling på Jets Vacuum.

Jeya Balasundaram er ei av mange som arbeid- og inkluderingsbedrifta Furene AS kvart år, på ulike måtar, hjelper folk tilbake til yrkeslivet.

Jeya Balasundaram. FOTO: ROY-ARNE FOLKESTAD

I fjor kunne Furene AS vise til rekordtal då dei formidla 196 personar tilbake til arbeidslivet. I tillegg formidla bedrifta 23 personar ut i utdanning.

Den arbeidsformidlingsjobben som Furene AS gjorde i fjor utgjorde ifølgje dagleg leiar Hallstein Saunes ein samfunnsøkonomisk gevinst på meir enn 200 millionar kroner

Studerte

Jeya Balasundaram kom frå Sri Lanka til Noreg i 2005 for å studere. Ho utdanna seg til elektroingeniør. I 2011 flytta 42-åringen til Ulsteinvik etter at ho fekk seg elektroingeniør-jobb på Ulstein Verft.

Der jobba Jeya, som er gift med ein ingeniørmekanikar og har to born på snart fem og åtte år, med nye skipsprosjekt.

Ho likte seg godt i verftsmiljøet i Ulsteinvik. Då krisa kom i den maritime næringa, og det vart nedbemanning, var Jeya ein av dei som vart sagt opp. Dette var i 2019, same år som pandemien begynte å herje.

Jeya bretta opp ermane, og begynte å søke etter moglege jobbar. Men Jeya fekk ikkje napp.

NAV

Gjennom Nav hamna ho i fjor sommar i Furene AS som har høg kompetanse på å hjelpe folk til å kome ut i arbeidslivet. Vegane dit kan vere mange.

Ein av dei kan handle om å lære seg jobbsøking på ein best mogleg måte. Ein anna kan vere å få hjelp til å presentere seg overfor bedrifter. Jeya søkte stillingar i fleire bedrifter, men nålauget var trongt. Det er dokumentert at dei som treng støtte i jobbsøkarprosessen ikkje kjem først i arbeid.

Men så skjedde det noko positivt: Gjennom ein felles relasjon på Jets Vacuum på Hareid fekk Jeya og Furene vite at bedrifta jakta etter folk med hennar utdanning. Og i dag er ho altså tilsett i eit engasjement i bedrifta.

Jeya Balasundaram er ikkje den som likar å skryte av seg sjølv. Men marknads- og prosjektkoordinator Olav Stokke i Furene AS rosar gjerne dama for vilje og intitiativ til å kome seg i arbeid.

- Ho får veldig gode tilbakemeldingar for arbeidet ho legg ned, seier Stokke.

Jeya er glad for at ho vart kopla på Furene AS sine system.

- Eg har hatt godt utbytte av Furene AS si hjelp. No jobbar eg i ei bedrift der eg får utføre relevant arbeid, og eg likar meg godt i bedrifta, seier 42-åringen nøgd.

Dagleg leiar Hallstein Saunes meiner innsatsen frå Furene AS, og personar som jaktar jobb eller utdanning, gir eit vesentleg bidrag i samfunnsøkonomien.

Dagleg leiar Hallstein Saunes . FOTO: ROY-ARNE FOLKESTAD

- Men det viktigaste er dei personane som har gått frå utanforskap til å bli inkludert. Mange har kjent det som ei byrde å vere utanfor, konstaterer Saunes.

Han rosar dei tilsette for stor innsats, og er tilfreds med at Furene AS er med på å bygge bru og framtidstru for mange.

Gevinst

Bransjeforeninga NHO Arbeid- og inkludering har rekna ut at kvar person som kjem i arbeid gir ein samfunnsøkonomis gevinst på 1,2 millionar kroner. Ved å gange beløpet med dei 196 som kom i arbeid via Furene i fjor, kjem gevinsten opp i kring 235 millionar kroner.

- Verdien er rekna ut frå at kvar person har vore i 50 prosent arbeid i fem år, fråtrekt kostnader med hjelp og tiltak. Årsaka til at det er teke utgangspunkt i halv stilling, er at det er snittet for dei som kjem i arbeid via inkluderingsbedriftene, forklarar Saunes.

Han viser til at statsministeren har dokumentert kva utanforskap kostar samfunnet: «Å få et ungt menneske inn i eit livslangt arbeidsliv gir ein samfunnsmessig gevinst på 15,9 millioner».

Hovudkontor

Furene AS har hovudkontor i Furene, med avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.

I tillegg til formidling har Furene også nær 60 faste tilrettelagte arbeidsplassar ved avdelingane i Furene og Dragsund. Dette kan m.a. vere aktuelt for personar som er uføre.

Det er eit vidt spekter av folk som er innom Furene.

- Dette er slett ikkje berre dei som droppar ut av skulen. Vi har heile spekteret. Alle kan gå på ein smell eller møte andre utfordringar i arbeidslivet. Og det kan sjølvsagt handle om alle yrkesgrupper, også personar med høg utdanning, fortel fagleiar Kirsti Gaudestad.

Dei tilsette jobbar m.a. med sjukmelde på eigne arbeidsplassar og personar som får uførestønad, men som ønskjer å ha ein tilpassa jobb å gå til i Furene, og som treng å fylle dagane med aktivitetar.

Motivasjon er særs viktig for å kome i arbeid.

Motiverast

- Nokon må motiverast, andre må haldast igjen i prosessen for å finne passande arbeid og stillingsprosent. Og så har vi dei som etter kartlegging og utprøving i arbeid må konkludere med at dei har nok med å ta vare på eiga helse, i alle fall no. Og nokre kjem aldri ut i arbeidslivet att, fortel Gaudestad.

Eit positivt arbeidsliv er også avgjerande for suksess med arbeidsformidling.

- Bedriftene er i høgste grad stort sett positive, og vi opplever at dei synest det er positivt å samarbeide med oss, seier Gaudestad.

Ho konstaterer at trykket på arbeidsformidling i alle fall kjem til å ha same nivå dette året, som i 2021.