KURS I DIGITAL KOMPETANSE
Omfang:
Kurset varer frå kl. 09.00-15.00 måndag til fredag, og går over fire veker.
Kurset passar for:
Deg som er over 19 år, har liten eller ingen digital kompetanse, og som treng slik kunnskap for å kome vidare i jobbsøking eller kunne delta på anna kvalifisering og samfunnsliv generelt.
Digital kompetanse er i dag nødvendig i nesten alle yrker i norsk arbeidsliv, og i svært stigande grad i kvardagsliv generelt.
Kurset gir deg:
Grunnleggande forståing og kunnskap i bruk av data, som igjen skal bidra til å auke moglegheiter for deltaking i arbeid- og samfunnsliv. Kurset inneber både kompetanse i bruk av spesifikke dataprogram og heilheitleg digital kvalifisering.
Innhald i kurset:
Digital kompetanse blir gjennomført som ein kombinasjon av undervisning og aktiv jobbsøking. Det blir gitt oppgåver undervegs for å belyse ulike tema og utfordringar ein kan møte i jobbsøkinga. Kurset er lagt opp med stor grad av eigenaktivitet der ein får individuell rettleiing.
Sentrale tema:
· Grunnleggande data
· Praktisk bruk av data og andre digitale verktøy
· Tekstbehandling (Word) og lagring
· Internett, navigering og oppbygging
· Nettvettreglar og personvern
· Bruk av nav.no og arbeidsplassen.no
· E-post
· Jobbsøking med utarbeiding av CV, søknad og presentasjonsbrev
· Bruk av rekneark (Excel) og presentasjon (PowerPoint)
· Kommunikasjons- og samhandlingsplattformer
Kurs i Digital kompetanse
Det er ikkje sett opp datoar for nye kurs, men ta konktakt om dette kurset er aktuelt for deg.
Kontaktperson: Jahn Christer N.Humberset jahn.humberset@furene.no / tlf. 905 16 441