Inkluderende Jobbdesign -ein ny måte å bemanne ein arbeidsplass på 

Mange bedrifter slit med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. 

Mange personar med nedsett arbeidsevne og andre med lavt kvalifikasjonsnivå, slit med å kome i arbeid. Det står i samanheng med ein arbeidsmarknad som stiller stadig sterkare krav til effektivitet, kompetanse og eit breitt spekter av sosiale ferdigheiter. Årsaka til desse krava må også sjåast i samanheng med det høge løns- og kostnadsnivået i Noreg. 

Inkluderande jobbdesign tek utgangspunkt i arbeidsgjevar sitt behov for arbeidskraft. Vi analyserer arbeidsflyten for å identifisere type og omfang av oppgåver som ikkje krev fagkompetanse. Ved å reorganisere arbeidsoppgåvene og rekruttere person(ar) som utfører støtteoppgåvene, blir faglært arbeidskraft frigjort til å utføre arbeid med kompetansekrav.  

Faglært arbeidskraft er dyrare enn ufaglært arbeidskraft. Vi kan dokumentere at Inkluderande jobbdesign er positiv verdiskaping som gir gevinst for bedrifta. I tillegg tek bedrifta stort samfunnsansvar utan at det kostar meir.   

 

 

«Alle kan ikke bli høykompetente. Vi må rett og slett lage et arbeidsmarked for de folkene vi har, i stedet for å ønske oss et nytt folk» Simen Markussen, forskar ved Frischsenteret.