JOBBKLUBB
Omfang:
Kurset varer frå kl. 09.00-15.00 måndag til fredag, og går over tre veker.
Kurset passar for:
Du som er over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Du som ønskjer kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon. Vi stiller med PC på kursstaden.
Kurset gir deg:
Grunnleggande kunnskap om jobbsøkarprosessen. Du lærer ein systematisk tilnærming til det å søkje arbeid. Auka bevisstheit og kunnskap i forhold til kva som er viktig ved jobbsøking. Du får anledning til å kvalitetssikre CV, søknader samt lære om rekrutteringsprosessen.
Innhald i kurset:
Jobbklubb blir gjennomført som ein kombinasjon av undervisning og aktiv jobbsøking. Det blir gitt oppgåver undervegs for å belyse ulike tema og utfordringar ein kan møte i jobbsøkinga. Kurset er lagt opp med stor grad av eigenaktivitet der ein får individuell rettleiing.
Sentrale tema:
Individuelle samtaler
Kartlegging av kompetanse og interesser
Karriererettleiing
CV, attestar, referansar
Jobbsøknad, analysere stillingsannonser
Førebuing og gjennomføring av intervju
Bruk av DITT NAV på nav.no
Rekrutteringsprosessen
Finne ledige jobbar
Det er ikkje sett opp datoar for nye kurs, men ta konktakt om dette kurset er aktuelt for deg.
Kontaktperson: Jahn Christer N.Humberset jahn.humberset@furene.no / tlf. 905 16 441