Kontaktperson: Kristine Voldnes Langdal kristine.langdal@furene.no / tlf. 954 43 195
KARRIERERETTLEIING
Tilbodet er både for dei som ynskjer ei kursendring i høve karriere, og dei som er usikre i høve utdanningsval og jobbmoglegheiter. Det passar også for deg som ynskjer konkrete tips for skriving av CV, søknadsprosessen og jobbintervju.
Mange gjer kursendringar i løpet av si yrkeskarriere, og treng difor ein samtalepartnar som kan gje råd i høve karriere, enten du har klare ambisjonar eller om du er meir usikker på kva du vil. Vi kan hjelpe med kartlegging av interesser, tidlegare erfaringar, kompetanse og eigenskapar.
Gjennom bruk av anerkjende verktøy vil vi hjelpe deg med å sjå moglegheiter slik at du kjenner deg trygg på valet du tek. Du vil også kunne få konkrete tips og råd i høve jobbsøkarprosessen.
Vi kan hjelpe deg med:
- Rettleiing om utdanning og arbeid
- Interessekartlegging
- Råd til skriving av CV og søknad
- Råd i høve jobbintervjuet
- Kurspakkar for privat og offentleg sektor