Kontaktperson: Inger Lise Molnes inger.molnes@furene.no / tlf: 957 48 533
OPPFØLGING
Oppfølging er eit individuelt tiltak for den som treng omfattande bistand for å skaffe eller behalde jobb. Deltakaren får individuelt tilpassa oppfølging av ein jobbkonsulent.
Tiltaket går over seks månader, og kan forlengast med ytterlegare seks månader. Samla kan tiltaket vare inntil tre år. Deltakaren utarbeider ein personleg handlingsplan saman med jobbkonsulent. Ved etablerte arbeidsforhold skjer oppfølginga i tilknytning til arbeidsplassen for å finne løysningar der. Dette skjer i samarbeid med arbeidsgjevar. Dersom det ikkje er aktuelt å gå tilbake til dette arbeidsforholdet vil innsatsen vere retta mot å finne nytt arbeid.
Tiltaket kan innehalde interessekartlegging og karriererettleiing, informasjon om yrke og arbeidsmarknad. Deltakar får bistand til å bli sjølvstendig i jobbsøking gjennom å skrive CV, søknad og intervjutrening. Vi kan hjelpe med å opprette kontakt med potensielle arbeidsgjevarar for å finne praksisplass for utprøving av arbeid. Vi tilbyr oppfølging på arbeidsplassen ved samarbeid med arbeidsgjevar og tilrettelegging av arbeidssituasjonar. Enkelte tema kan bli gjennomgått i små grupper.
Søknad om oppfølging skjer gjennom det lokale NAV-kontoret.