ALEX
Fyrste tida etter eg kom til Noreg jobba eg som reinhaldar, men det har vore vanskeleg å få fast arbeid.Moglegheita eg fekk på TINE Meieriet Ørsta gjennom Furene syns eg er heilt fantastisk, og eg gler meg til kvar einaste arbeidsdag. Eg opplever også ei svært positiv språkutvikling på ein arbeidsplass der vi snakkar norsk kvar dag.
Mitt største ynskje er å kunne bidra i det norske samfunnet og å forsørge mi eiga familie. Eg er no busett i Ørsta med kone og to born.
FRAMIFRÅ
FOLK
Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.
I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.
Vi er heile tida på leit etter eksterne arenaer for at personar skal få prøve seg i arbeid.
Er du ein arbeidsgivar som ynskjer å vite meir om moglegheitene?
– ta kontakt med avdelingsleiar Jahn Christer N. Humberset på tlf 90 51 64 41 eller jahn@furene.no.
Slik kan du og ditt firma vere med å «bygge bru og framtidstru» og bidra til auka sosial berekraft.