MIA

Eg har hatt god utvikling og vorte ein ressurs i teamet vårt.

Eg sleit med låg motivasjon og droppa ut frå vidaregåande skule. Gjennom iUng-tiltaket kom eg til Furene og det har bidrege til at eg har fått igjen trua på at eg kan. Her opplevde eg trygge, føreseielege dagar og føler eg har hatt ei god utvikling.

Eg har blitt ein del av team Furene, noko som har styrka meg i arbeidet med å få fast arbeid utanom Furene.

FRAMIFRÅ
FOLK

Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.

I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.

Vi er heile tida på leit etter eksterne arenaer for at personar skal få prøve seg i arbeid.

Er du ein arbeidsgivar som ynskjer å vite meir om moglegheitene?

– ta kontakt med avdelingsleiar Jahn Christer N. Humberset på tlf 90 51 64 41 eller jahn@furene.no.

Slik kan du og ditt firma vere med å «bygge bru og framtidstru» og bidra til auka sosial berekraft.